FRÅ SONGAR I STAVANGER Poem by Mansur Rajih

FRÅ SONGAR I STAVANGER

Langt borte frå høyrer du songarens røyst
Heilt tilbake til barndommen
Eller til ei tid som kan henda skal koma
etter at du er død
Gjer deg fri frå fengslet i denne augneblinken
og frå den skitne dagen
Lyden grip deg og fører deg langt bort
Til aude stader der ingen bur
Songarens røyst
fyller den tomme staden
Og set sjela i rørsle
Gir meining til alt
og knyter det fast til meg sjølv
Songarens røyst
Åh, åh, den rører det sanne mennesket
Eg smeltar i din fylde
Eg smeltar i din altomfemnande lyd
Eg døyr i lidenskapen
som songen skaper

COMMENTS OF THE POEM
READ THIS POEM IN OTHER LANGUAGES
Close
Error Success